Barn frå 0 – 1 år med foreldre er velkomen til ei koseleg stund med song, rytme og bevegelse
på biblioteket onsdag 26.oktober kl.13. Det er fint om foreldra tek med ei ekstra pute.
Biblissen
Mopp og Mikko
Biblioteket har kjøpt inn ein ny peikebokserie.
Lån bøkene og bli kjent med Mopp og Mikko som elskar mat, dyr, ting og kjøretøy.
Ein fargerik peikebokserie for dei aller minste. Serien består av Mopp og Mikko elskar dyr, Mopp og Mikko elskar kjøretøy, Mopp og Mikko elskar mat og Mopp og Mikko elskar ting. Mopp er praktikar, Mikko romantikar. Dei to glade typane er på nysgjerrig leiting etter noko dei likar eller undrar seg over. Dei to siste sidene i bøkene har spørsmål til vidare diskusjon med barna. I eit klart og tydeleg farge- og formspråk klarer Stai å kommunisere med dei aller minste lesarane om ting som opptar dei i kvardagslivet. Bøkene er på nynorsk.
Hva får vi av dyrene?
Kva er ei biletbok?
Ei biletbok er ei bok med eit ellet fleire bilete på kvart oppslag. Når ein nytter denne definisjonen tek ein og med peikebøker. Denne sjangren har ofte svært lite eller inga tekst knytt til illustrasjonane.
Mjør med fleire har utvida omgrepet slik:
Me definere ei biletbok som ei bok med eitt eller fleire bilete på kvart oppslag, kor tekst og bilete saman deltek i framstillinga av eit narrativt forløp.
Vidare: Biletboka skil seg ut ved fysisk å vera bok ( ikkje teikneserie, for dei vert gjeve ut i hefte).Boka vert lesen frå venstre til høgre, og der vendinga av sidene vert eit vesentleg aspekt ved dynamikken i forteljinga. Bileta i ei biletbok skil seg frå vanlege kunstbilete ved at dei står i ein seriell samanheng. Eitt bilete viser attende til bilete på tidlegare oppslag og skaper dermed forventing i høve til neste oppslag. Dette kan synast heilt naturleg, men for ein illustratør med sans for dramatikk har høve til å utnytte denne teknikken fullt ut.
For å skjøne korleis ei biletbok er bygd opp er det naudsynt å ha kjennskap til nokre tekniske ord og uttrykk. Tekst og bilete driv handlinga framover, samstundes som tekst utfyller bilete og bilete utfyller tekst. Samspelet mellom tekst og bilete kallar ein ”ikontekst”. Det er dette samspelet som driv fortellinga, handlinga, framover. Ved å nytte bilete kan ein redusere tekstinformasjonen fordi bileta ofte gjev lesaren miljø- og personskildring.
Det er vanleg å dela inn biletbøkene i kategoriar:
- Den symetriske: Her finn ein to parallelle forteljinger (verbal og visuell) som fortel same historie.
- Den klompletterande : Her gjev den verbale og visuelle forteljemåten gjennsidig informasjon og utfyller kvarandre.
- Den forsterkende : Her støtter eller forsterker bileta orda. Den verbale forteljinga er avhengig av bileta og verbalteksten kan ikkje skjønast utan bileta.
- Den kontrapunktiske : Her utfordrar ord og bilete kvarandre og kan ikkje skjønast utan kvarandre.
- Den motstridande: Her stemmer ikkje ord og bilete med kvarandre og skaper forvirring.
Kva skal ein sjå etter i tolkninga av biletboka:
Ein har: Fugleperspektiv (overvinkling) bileta gjev oversikt.
Froskeperspektiv (undervinkling) bileta gjev t.d. makt.
Verdiperspektiv, her vert noko i bileta anten minska eller gjort større i forhold til andre objekt i biletet. Eit slikt perspektiv kan ofte leggje føring for tolkning av tema.
Fargebruk: I vår vestlege kultur har vi tolkinger av fargebruk til dømes: Raudt: kjærleik, varme,men fare og hat. Blått: trist, kaldt men og aristokratisk ( kongeblå) maskulint. Gult: håp, sommar, men og falskleik. Grønt: vekst, ungdom lengsel. Svart: sorg og tragedie. Kvitt: det reine, uskuld. Ved å nytte lys/skugge har illustratøren høve til å skape spenning på ulike nivå.
Ordleiksboka
Det første talet med bokstaven A er atten. Kva er det neste? Ein milliard! Om det blir lenge å vente på ein ny A, kan du lese historia om Rabarbrabarbara så lenge. Ho ville tene pengar på å lage mat med rabarbra, så ho opna ein bar som ho kalla RabarbraBarbarabar. Det kom mange gjester, og dei som kom oftast, var barbarar. Med store bartar. Snart dukkar det difor opp ein barberar i forteljinga … Orda blir berre lengre og lengre! Kanskje får du krøll på tunga? Det er mykje moro med ord i ordleiksboka.
– Stina Langlo Ørdal vert til ein tryllekunstnar når ho tek fram fargeblyantane sine, seier Olaf Husby om illustratøren sin. – Bokstavane som eg skreiv på kvite, kjedelege ark, må tru at dei er komne til paradis der dei sviv rundt i dei flotte omgjevnadene som Stina har skapt. Tilfeldigvis ligg bokstaven F framom meg no. Bla opp på side 43 og sjå på orda flaskelam og fotsopp! Morosamt og mykje særpreg i ein naiv og kreativ strek.
Eit av kjenneteikna på god sakprosa er at han er godt tilpassa målgruppa si. I denne boka har forlaget greidd å finne fram til ei målgruppe der det er plass til både vaksne og barn, gjerne saman. Dette er ei bok for dei som er interesserte i og fascinerte av ord og språk. Og for dei som kjem til å bli det, etter å ha leika og ledd seg gjennom ei raus utgjeving prega av overskot og ord-glede!
Blodrik og blodfabrikken av Kai Stai
Blodrik arbeider på Blodfabrikken som er stappfull med blod. Dei lagar chiliketsjup, neglelakk og julepynt og sjølvsagt er alt saman av blod. Blodrik er sjølv proppfull av blod type rhesus eksplosiv. Ordleiken står i sentrum i boka og kan skape litt avstand til sjølve fortellinga. Flotte og fargerike illustrasjonar. Ei biletbok med ein artig inngang til eit litt vanskelig tema.
Med kråkenebb og kråkeføter
Ei diktbok med fargesterke og detaljrike illustrasjonar. Dikta er rike på bilete, rim, rytme og ordleik.
Morosame og alvorlege dikt om fuglar og dyr. Den gode rytmen i tekstane gir dei ein syngande dimensjon.
Her finn du dikt for barn i alle aldrar og det vert høve til å leike seg med rim og rytme i høgtlesinga.
Ros for å spre leseglede
Her er reglene:
1. Takk den du har mottatt prisen fra
2. Kopier prismerket til bloggen din
3. Fortell hvilke 3 forfattere du regner blant dine favoritter, og nevn en yndlingsbok per forfatter
4. Send prisen videre til 5 mottakere som du føler fortjener den.
Jeg velger meg ut tre billedbbokforfattere:
Gro Dahle : Tekstane til Dahle kan ved første gjennomlesing synes banale og kanskje litt sære. Med ved grundigare lesing vert ein overraska.
Dahle sine tekstar kan synast spontane og ofte naivistiske, men det ligg mykje etterarbeid i tekstane m.o.t redigering. Som ho sjølv uttaler er ho veldig stukturert og analytisk når ho redigere tekstane sine i ettertid.
Svein Nyhus: Har utvikla eit heilt eige uttrykk gjennom bileta sine. Illustrasjonane til Nyhus utvidar teksten og han er nok på sitt beste når han lager bilete til tekstar med eit stort rom i seg.
Siste boka: ”God natt, natt” ( 2009) av paret er ei perle av dimensjonar. Ikkje tek dei berre god natt med barnet som nesten er med på kvart oppslag ( ikkje gjennomført) , men og til fuglar, tre, sola, kattar og hundar: ”Godnatta til alle slitne hunder som jobber for mye, hunder som sovner på vakt og bjeffer i søvne. Voff voff voff” . Eit stykke ut i boka tek dei god natt med alt og alle og boka vert både morosam og ei tankevekkjar.Her er nokre smake bitar:
”Godnatta til alle tjuver og kjetringer som lister seg in på teppet med skone på. Godnatta til alle røvere som rømmer til skogs eller til Sverige, alle som løper og alle som gjemmer seg”
”Godnatta til kalde og klamme føtter og alle som fryser på beina selv om de har sokker på”
og ”Godnatta til hjertet mitt, det lille, tapre hjertet mitt som slår og slår selv om det er natt. Det er du som skal hjelpe meg med å våkne i morgen”
Hans Sande: Om seg sjølv seier Hans Sande: ”Å vere kunstnar er å leite etter noko anna, noko ukjent. Ei god kunstoppleving er når du kjenner att noko ukjent i deg sjølv. Både i skrivinga og i bildekunsten kjenner meg som Oskeladden; alltid på vandring i glip mellom oska og den levande skogen. Alltid parat til å målbinde meg sjølv. På vegen plukkar eg med meg alskens rusk og rask som ingen andre vil ha. Snur og vender på det. Ja, eg har no slikt å gjere, eg har no slikt å bere. Bøkene om Arkimedes er fantastiske og appelerer både til barn og vaksne.
Sender prisen vider til:

Mine to oldemødre
Forfatteren Lisa Aisato N’jie Solberg har skrevet denne vakre billedboken. Hovedperson og fortelleren er en liten jente som har gambisk far og norsk mor. Jentas norske oldemoren er en utradisjonell, sigarettrøykende dame med en fortid til sjøs, mens den gambiske har hun aldri møtt, bare sett som en streng dame på et bilde i stuen. En dag kommer faren tilbake fra et besøk i hjemlandet, og i kofferten har han med en gave fra den gambiske oldemoren: En konkylie. Det mystiske suset fra Gambias strender når jentens øre og møtet er magisk. Når oldemor ringer for å høre om oldebarnet i Norge likte gaven, får det strenge bildet på stueveggen en stemme. En teslurpende og lun stemme. Så dør oldemor fra Gambia, og etter det besøker de den norske oldemoren litt oftere. Til sist blir også denne oldemoren borte. Når hun minnes de to oldemødrene sine, ser hun dem sittende med tekoppen i hånden mens de snakker om havet. Solberg er barnebokdebutant i år, og har bakgrunn som illustratør og kunstner. Hennes varme, inderlige illustrasjoner gjør boka til en opplevelse.
Sov søt, her spiss
Temaet er søvn, og lesaren får vite korleis og kvifor dyr og menneske søv.
Erna Osland og Inger Lise Belsvik har her gitt oss ei forteljing til sengekanten, ein samtalestartar i barnehagen,
og ei ressursbok til småtrinnet.
Sov søtt, herr Spiss er ei bilet / faktabok som kan nyttast og nytast på mange vis.





