Kva er ei biletbok?
Ei biletbok er ei bok med eit ellet fleire bilete på kvart oppslag. Når ein nytter denne definisjonen tek ein og med peikebøker. Denne sjangren har ofte svært lite eller inga tekst knytt til illustrasjonane.
Mjør med fleire har utvida omgrepet slik:
Me definere ei biletbok som ei bok med eitt eller fleire bilete på kvart oppslag, kor tekst og bilete saman deltek i framstillinga av eit narrativt forløp.
Vidare: Biletboka skil seg ut ved fysisk å vera bok ( ikkje teikneserie, for dei vert gjeve ut i hefte).Boka vert lesen frå venstre til høgre, og der vendinga av sidene vert eit vesentleg aspekt ved dynamikken i forteljinga. Bileta i ei biletbok skil seg frå vanlege kunstbilete ved at dei står i ein seriell samanheng. Eitt bilete viser attende til bilete på tidlegare oppslag og skaper dermed forventing i høve til neste oppslag. Dette kan synast heilt naturleg, men for ein illustratør med sans for dramatikk har høve til å utnytte denne teknikken fullt ut.
For å skjøne korleis ei biletbok er bygd opp er det naudsynt å ha kjennskap til nokre tekniske ord og uttrykk. Tekst og bilete driv handlinga framover, samstundes som tekst utfyller bilete og bilete utfyller tekst. Samspelet mellom tekst og bilete kallar ein ”ikontekst”. Det er dette samspelet som driv fortellinga, handlinga, framover. Ved å nytte bilete kan ein redusere tekstinformasjonen fordi bileta ofte gjev lesaren miljø- og personskildring.
Det er vanleg å dela inn biletbøkene i kategoriar:
- Den symetriske: Her finn ein to parallelle forteljinger (verbal og visuell) som fortel same historie.
- Den klompletterande : Her gjev den verbale og visuelle forteljemåten gjennsidig informasjon og utfyller kvarandre.
- Den forsterkende : Her støtter eller forsterker bileta orda. Den verbale forteljinga er avhengig av bileta og verbalteksten kan ikkje skjønast utan bileta.
- Den kontrapunktiske : Her utfordrar ord og bilete kvarandre og kan ikkje skjønast utan kvarandre.
- Den motstridande: Her stemmer ikkje ord og bilete med kvarandre og skaper forvirring.
Kva skal ein sjå etter i tolkninga av biletboka:
Ein har: Fugleperspektiv (overvinkling) bileta gjev oversikt.
Froskeperspektiv (undervinkling) bileta gjev t.d. makt.
Verdiperspektiv, her vert noko i bileta anten minska eller gjort større i forhold til andre objekt i biletet. Eit slikt perspektiv kan ofte leggje føring for tolkning av tema.
Fargebruk: I vår vestlege kultur har vi tolkinger av fargebruk til dømes: Raudt: kjærleik, varme,men fare og hat. Blått: trist, kaldt men og aristokratisk ( kongeblå) maskulint. Gult: håp, sommar, men og falskleik. Grønt: vekst, ungdom lengsel. Svart: sorg og tragedie. Kvitt: det reine, uskuld. Ved å nytte lys/skugge har illustratøren høve til å skape spenning på ulike nivå.
