Kvifor tidleg start?
Forsking syner at sein språkutvikling hos barn kan virka inn på sosial utvikling, emosjonelt og intellektuelt samt auka risikoen for at barna får lærevanskar og psykososiale vanskar.
Forsking syner og at det er store sosiale skilnader når det gjeld lesing. Barn frå heimar der foreldra har høg utdanning, blir oftare lesne for enn barn med foreldre med lågare utdanning.
Sjølv om ein del lese- og skrivevanskar er knytt til arv kan ein førebygge gjennom tidleg språkstimulering. Førebygginga startar i heimen, nokon seier den startar allereie når barnet er ein månad gamal. Å lære å snakke er ei medfødt trong. Små barn startar tidleg med å lage lydar. Skal denne plundringa utviklast til eit talespråk må dei vaksne i omgjevnaden gje respons. Språk utviklas i samspel med andre.
Barn som blir lesne for og som erfarer at skriftspråket er ein viktig aktivitet, byrjar å utforske skriftspråket på eiga hand før dei kjenner bokstavsymbola.
Gjennom høgtlesing møter barna nye ord og utrykk.
Høgtlesing gjev og eit godt utgangspunkt for samtale.
Lesestunda er ein flott fellesaktivitet som vil auke barna si interesse for bøker.