Lesande rollemodeller

I går kveld var eg på foreldremøte i Skogsvåg barnehage. Eg snakka om bøker og lesande rollemodellar.

Foreldre kan gje leseglede ved å:

  • Lese eller lytte til bøker. Prate saman, fortelje historier, vitsar og gåter. Leike med språk og bokstavar.
  • Syne at lesing er ein aktivitet til glede og nytte. At det er både gøy, spanande og fint å lesa i lag.
  • Finna bøker eller andre små tekstar som vi barnet vil like.
  • Leggje til rette for lesing, men vi bør ikkje mase. Syner barnet ikkje interesse, bør vi prøva ein annan gong eller med ein annan tekst.
  • Nokre born liker bøker som mor eller far har lese då dei var små, medan andre born helst vil lesa nyare litteratur. Nokre er glade i monsterbøker og fantastiske forteljingar. Andre vil helst lese kvardagsforteljingar, forteljingar om dyr eller bøker der dei kan finna fakta t.d. Universet, bilar, dyr
  • Barn må lære at lesing ikkje berre er å lese bøker. Vi les og oppskrifter, bruksrettleiingar, aviser, SMS – meldingar, tekst på TV og dataskjerm.

- Å, sjå! Så fin smokk!

Ingenting er tilfeldig når foreldre les for småbarna sine.
Medvite eller ikkje sosialiserer dei ungane til å lesa teksten på den «rette» måten.

Høgtlesing

Det er ein god ide å setja av fast tid til høgtlesing kvar dag, til dømes 15 – 20 minutt kvar kveld før leggjetid for dei yngste. Høgtlesing er ei fin kommunikasjonsform mellom born og foreldre. Det skaper nærleik og kontakt. Mange tankar kan gjerast på bakgrunn av hendingar i bøkene, og mange samtalar kan oppstå ut frå boka.

Bokprat i barselgruppa

Bokprat i barselgruppa på helsestasjonen 12 mars. Foreldrerettleiing med fokus på språkstimulering. Eg vil og gje forslag til gode småbarnsbøker, bøker om foreldrerolla og seie noko om korleis ein kan skape leselyst hos dei små.
Jeg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.

Biletgalleri

Sjå eit lite utval av biletbøker.

Ein smak av lesing

Bokstavleik

Leseglede

For smårollingar er det få leikar som kan gje så mykje glede som ei god bok.

Tips til lesestunda:

  • Snakk om bileta og det som skjer i boka
  • Kven er med?
  • Kva skjer?
  • Kor skjer det?
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.