Lesande rollemodeller
04/06/2010 Éin kommentar
I går kveld var eg på foreldremøte i Skogsvåg barnehage. Eg snakka om bøker og lesande rollemodell
ar.
Foreldre kan gje leseglede ved å:
- Lese eller lytte til bøker. Prate saman, fortelje historier, vitsar og gåter. Leike med språk og bokstavar.
- Syne at lesing er ein aktivitet til glede og nytte. At det er både gøy, spanande og fint å lesa i lag.
- Finna bøker eller andre små tekstar som vi barnet vil like.
- Leggje til rette for lesing, men vi bør ikkje mase. Syner barnet ikkje interesse, bør vi prøva ein annan gong eller med ein annan tekst.
- Nokre born liker bøker som mor eller far har lese då dei var små, medan andre born helst vil lesa nyare litteratur. Nokre er glade i monsterbøker og fantastiske forteljingar. Andre vil helst lese kvardagsforteljingar, forteljingar om dyr eller bøker der dei kan finna fakta t.d. Universet, bilar, dyr
- Barn må lære at lesing ikkje berre er å lese bøker. Vi les og oppskrifter, bruksrettleiingar, aviser, SMS – meldingar, tekst på TV og dataskjerm.