Blodrik og blodfabrikken av Kai Stai
23/11/2010 Kommenter innlegget
Blodrik arbeider på Blodfabrikken som er stappfull med blod. Dei lagar chiliketsjup, neglelakk og julepynt og sjølvsagt er alt saman av blod. Blodrik er sjølv proppfull av blod type rhesus eksplosiv. Ordleiken står i sentrum i boka og kan skape litt avstand til sjølve fortellinga. Flotte og fargerike illustrasjonar. Ei biletbok med ein artig inngang til eit litt vanskelig tema.