Ordleiksboka

Det første talet med bokstaven A er atten. Kva er det neste? Ein milliard! Om det blir lenge å vente på ein ny A, kan du lese historia om Rabarbrabarbara så lenge. Ho ville tene pengar på å lage mat med rabarbra, så ho opna ein bar som ho kalla RabarbraBarbarabar. Det kom mange gjester, og dei som kom oftast, var barbarar. Med store bartar. Snart dukkar det difor opp ein barberar i forteljinga … Orda blir berre lengre og lengre! Kanskje får du krøll på tunga? Det er mykje moro med ord i ordleiksboka.

– Stina Langlo Ørdal vert til ein tryllekunstnar når ho tek fram fargeblyantane sine, seier Olaf Husby om illustratøren sin. – Bokstavane som eg skreiv på kvite, kjedelege ark, må tru at dei er komne til paradis der dei sviv rundt i dei flotte omgjevnadene som Stina har skapt. Tilfeldigvis ligg bokstaven F framom meg no. Bla opp på side 43 og sjå på orda flaskelam og fotsopp! Morosamt og mykje særpreg i ein naiv og kreativ strek.

Eit av kjenneteikna på god sakprosa er at han er godt tilpassa målgruppa si. I denne boka har forlaget greidd å finne fram til ei målgruppe der det er plass til både vaksne og barn, gjerne saman. Dette er ei bok for dei som er interesserte i og fascinerte av ord og språk. Og for dei som kjem til å bli det, etter å ha leika og ledd seg gjennom ei raus utgjeving prega av overskot og ord-glede!

Reklame

Om bentefosse
Jobber Som bibliotekar ved Sund folkebibliotek . Brenner for barn bøker = sant

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: