Bøker av Tony Ross
25/09/2012 Kommenter innlegget
Dei fleste kjenner fortellinga om den stygge ulven og dei tre grisane. I Tony Ross si versjon får vi presentert ein ny vri. Grisane bur først i byen, men dei bur trongt. Nøff, Nøff og Nøff vil heller bu på landet. Diverre får dei ikkje lån i banken til kjøp av hus og må byggje dei sjølve. Som originalen vet husa bygde av stå, greiner og murstein. Men her sluttar likskapen. Kva som skjer med Nøff, Nøff og Nøff og ikkje minst ulven røper eg ikkje.
I « Gutten som ropte ulv» har Tony Ross igjen ein original vri på forteljinga. Guten Henry nyttar ein kvar sjanse til å få gjera slik han vil, ved å rope «ULV! ULV!» sjølv om ulven ikkje var i nærleiken. Det går som det må gå ein dag møter Henry ulven, spring til byen og fortel dette. Men ingen trur han. Ulven fangar Henry og no ta boka verkeleg av!
«Jeg vil ha katt» handlar om ei jenta Paula som vil ha katt, men foreldra meiner kattar er klorande, krypande, krafsande vesen så Paula får leikekattar i staden. Men Paula veit råd. Ho lagar seg ei kattedrakt og oppføre seg som ei katt. Ein dag vert det nok for familien hennar etter ho har remja heile natta. Ho skal få ei ei katt, MEN då vil Paula heller…..